søndag 27. desember 2015

Frå julehefte til salmebok: «Det lyser i stille grender»


Av Nils-Petter Enstad

Det skal ha vore ein steikande varm sumardag i 1931. I hagen til Klokkargarden i Dale i Sunnfjord sat ein ung mann i skuggen av eit tre og skreiv. Det var lyrikaren Jakob Sande, som to år før hadde gjeve ut diktsamlinga «Svarte næter», ei bok som hadde fått mykje merksemd. Diktet han skreiv no var tinga av joleheftet «Jol i Sunnfjord».


Diktet het berre «Jolekveld», og det første av dei fem versa var slik:
«Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld
og tusene barnehender
mot himmelen ljosa held»
.

Melodi
Alt året etter fekk diktet melodi.
Lars Stubhaug, lærar i Vevring i Sunnfjord, laga ein tone og arrangerte han for kor. Songen vart mykje nytta, og tekst og tone vart trykt i Gula Tidend i 1934.
Då ei ny utgåve av Lars Søraas si songbok kom i 1948, var teksten med, men no med ein melodi av Søraas sjølv. Det er denne melodien som sidan har vore knytt til songen, jamvel om i alt ni komponistar har laga melodiar til Sande sin tekst.
På 1980-talet vart songen folkeeige, ikkje minst gjennom Sissel Kyrkjebø sin versjon på joleplata hennar frå 1987.

Fem eller fire vers?
Då teksten vart publisert første gong, hadde han fem vers. Då songen vart med i Lars Søraas si songbok, strauk Sande det siste verset. Det var særleg den siste linja han var misnøgd med, der han syng om «barnet, Guds son og sonar/som myrkret for evig batt».
- Ein kan ikkje binde mørkret, var Sande si eiga grunngjeving.
Då Søraas kontakta han og fortalde om melodien han hadde laga og songboka han planla, skal Sande sjølv ha gløymt heile teksten. – Eg har ikkje skrive noko juledikt, var den første kommentaren hans. Men då Søraas las det første verser for han, hugsa han dei andre, og tok dei på strak arm. Det kan ha vore då han strauk det siste verset, med den grunngjevinga som er nemnt.
Då songen kom med i Salmer 97 var det med dei fire versa Sande sjølv hadde godteke. Men i Norsk Salmebok (1985) står alle fem versa sjølv om familien protesterte mot dette. Dei synte til Sande sitt eige ynskje.
Salmebokkomiteen endra då «myrkret» i siste line til «døden». Denne versjonen har ein ført vidare i Norsk Salmebok 2013.
Det same har ein gjort i Frelsesarmeens Sangbok frå 2010. Songen er også med i den katolske kyrkja si salmebok frå år 2000: «Lov Herren».

Det kristelege
Det er og dei som har undra seg på om Sande verkeleg har skrive det siste verset. Argumentet har vore at verset er for «teologisk». Men verset var med då teksten vart publisert første gong, og når Sande seinare strauk det, var det som sagt med ei språkleg og litterær grunngjeving, og ikkje ei teologisk.
Jakob Sande var elles ikkje redd for det «kristelege», og nytta fleire gonger bibelske motiv i dikta sine. Dette var stoff han kjende godt, både som lærar sjølv, og som son av ein lærar og klokkar. «Bestemorsbibelen har eg lese frå perm til perm i årevis», sa han.
Pasjonssalmen «Du som låg i natti seine» er noko av det sterkaste ein har i salmeboka. Her heiter det i siste verset:
«Lær mi sjel kor du laut lida
syn meg såret ditt i sida
styrk og nør mi veike tru».

Dette diktet vart skrive same år som «Det lyser i stille grender», og var også med i samlinga som kom den hausten: «Storm frå vest». Mange har tolka diktet, som berre het «Salme», som ein reaksjon på den harde kritikken den fyrste samlinga hans fekk, mellom anna frå meldaren i avisa Dagen. Jakob Sande si burleske att-fortelling om då Israel-folk kryssa Raudehavet, eller om kona til Lot, vart oppfatta som gjøn med det heilage. Sande vart både såra og sint over bokmeldinga, og skreiv eit nokså beiskt og bittert dikt med klår adresse til meldaren. Det ville han ha med i den neste samlinga. Men Sande sin forleggar Harald Grieg forsto at her laut ein verna diktaren mot seg sjølv, og fikk stroke diktet.
Jakob Sande skreiv mange andre dikt som syner at han kjende dei bibelske omgrepa og dei bibelske fortellingane. Det er sagt om Jakob Sande sine religiøse dikt at de når frå jolaftan til langfredag, men dei når aldri fram til første påskedag. Det verker verka rett, men kva dette skuldast, er ikkje så lett å seie. Eit av dei seinaste dikta hans, «Då Gud heldt fest i Fjaler», endar opp med ei bøn:
«Gud unne oss alle nåden
når timen vår er forbi.»


Samlingar
Jakob Sande sjølv skal ikkje ha vurdert «Det lyser i stille grender» serleg høgt. Teksten står ikkje i nokon av dei diktsamlingane han ga ut, og er heller ikkje med i den utgåva av «Dikt i samling» som han sjølv redigerte. Her luka han elles ut fleire dikt frå dei fyrste samlingane sine.
Men då Gyldendal i 1998 gav ut ei ny og komplett utgåve av «Dikt i samling», var også «Jolekveld» frå 1931 med – ein salme som har vorte ein juleklassikar.

Kjelder:
Bruaset, Oddgeir: Det lyser i stille grender. Historien om hvordan våre kjente og kjære julesanger ble til (Genesis, 2009)
Eide, Ove: Jakob Sande – liv – dikting (Det Norske Samlaget, 2006)
Nytt norsk salmeleksikon, bind I (Tapir Akademisk Forlag, 2011)
Sørebø, Herbjørn: Ein storm frå vest – Jakob Sande, veit eg (Det Norske Samlaget, 2000)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar